Vurdering uten karakter i sidemål

Det kan innvilges fritak for vurdering med karakter i norsk sidemål dersom ett av følgende vilkår oppgitt under er oppfylt (fra forskrift til opplæringsloven). Det kan ikke søkes om fritak fra opplæringen i norsk sidemål.

§ 9-21.Fritak frå vurdering med karakter i eitt av dei norske skriftspråka

Elevar, tidlegare elevar og privatistar har rett til fritak frå vurdering med karakter i det skriftspråket dei har som sidemål, dersom eitt av desse vilkåra er oppfylt:

a.Dei har vanskar med å lære både bokmål og nynorsk på grunn av dokumentert sjukdom, skade eller dysfunksjon.
b.Dei har ikkje gått i norsk grunnskole på 8. til 10. trinn.
c.Dei har eller har hatt særskild språkopplæring i løpet av 8. til 10. trinn eller i vidaregåande opplæring.
d.Dei har i løpet av 8. til 10. trinn eller i den vidaregåande opplæringa gått på ein internasjonal eller utanlandsk skole i Noreg som er godkjend for ikkje å gi vurdering med karakter i sidemål.

Elevar som hadde rett til fritak frå opplæring i eitt av dei norske skriftspråka på 8. til 10. trinn etter § 1-11, har rett til fritak frå vurdering med karakter i det skriftspråket dei har som sidemål i vidaregåande opplæring. Den skolen, kommunen eller fylkeskommunen som har ansvar for å utferde vitnemål, skal avgjere søknader om fritak.

Søknadsskjema for fritak for vurdering i norsk sidemål. (DOCX, 14 kB)