Elevrådet og miljørådet på Stortinget

På Hammer har vi både eit elevråd og eit miljøråd med engasjerte elevar. Tysdag var dei på besøk på Stortinget, og blei både vist rundt og fekk delta i eit læringsspel.

Til vanleg jobbar elevrådet saman med dei vaksne for at skulemiljøet skal vere så godt som mogleg på Hammer. I tillegg sikrar dei elevane si stemme inn i prosessar på skulen. Miljørådet deltek på si side i miljø- og berekraftsarbeidet blant elevar og lærarar.

Tysdag var både medlem og varamedlem med på tur til Oslo og Stortinget. Først fekk elevane ei omvising av ein dyktig formidlar. Dei var òg heldige og fekk kome inn i stortingssalen for å sjå politikarar i aksjon. Etter omvisinga fekk dei delta på læringsspelet Valget er ditt.

Både omvisaren og samfunnsfagslærar Heidi rapporterte om engasjerte og dyktige elevar. Dei var fine å ha med på tur!

Har du spørsmål?

Heidi Myhre Thomassen
Heidi Myhre Thomassen
Kontaktlærer 8. trinn. Faglærer i norsk, samfunnsfag, KRLE og kroppsøving